Innvandrarhistorie og mord i Midtvesten


Innvandrarkulturen i den amerikanske Midtvesten er i sentrum i Vidar Sundstøl sin fjerde roman. Den kom ut til strålande kritikkar frå ulike delar av pressa før jul.

Heidi Christoffersen

I Drømmenes land finn den norskætta og historieinteresserte politimannen Lance Hansen ein ung norsk gut brutalt drept ved Lake Superior. Ikke lenge etter kommer han på sporet av det han meiner må vere eit mord begått på nøyaktig same stad, men over hundre år tidlegare, og som involverer hans eiga slekt fra Halsnøy på Vestlandet.
Lokalhistorie- Hovudmotivet i romanen er ei krimgåte, men på mange måtar er det like mykje lokalhistorie. Handlinga foregår i den amerikanske Midtvesten, i det området der kona mi og eg budde ein periode, fortel Sundstøl som i likhet med Lance Hansen har ei sterk interesse for historie.
- Historie og tid opptar meg, og den dramatiske historia til innvandrarane i dette området fascinerer meg så voldsomt at eg ville skrive om det, fortel Sundstøl. - I Midtvesten lever ein i eit amerikansk miljø, men under overflata er det mykje norsk. Området blei jo som kjent befolka av mange skandinavar, ikkje minst nordmenn, på 18-1900-talet. Difor er også mange der som ennå hugsar besteforeldra frå Noreg.
Tilbake til Bø
- Mottakinga av boka var over all forventning, seier Sundstøl audmjukt om kritikarane som har framheva både person- og landskapsskildringane i romanen. - Landskapet i romanen er ikkje fjernt frå bygda i Telemark, fortel Sundstøl som sjølv kjem frå Drangedal. - Eg er vant til mykje natur, og glad i den. Drangedal er imidlertid forlatt til fordel for Bø og Breisås der Sundstøl har busett seg saman med den amerikanske kona si. - Eg har budd i Bø og Gvarv tidlegare, og det er kjempedeilig å bu her igjen, innrømmer Sundstøl, som understrekar at han ikkje seier det berre fordi han snakkar med Bø blad.
Ny bok til hausten
1987 gjekk han på forfattarstudiet ved Høgskulen. - Forfattarstudiet var viktig for sjølvkjensla mi, fortel Sundstøl. -Den blei riktignok grundig plukka av meg i åra etter, medgjer han. – Frå eg var ganske ung visste eg at eg ville bli forfattar, men eg kjente også at det ville ta tid. Debuten kom i 2005 og nå er Sundstøl i gang med roman nummer fem. – Det er del to i det eg har kalt Minnesota-trilogien. Planen er at den skal vere ferdig til hausten, fortel han.



Leonardos Øre gratulerer Vidar Sundstøl så mye med Rivertonprisen 2008.

Ingen kommentarer:

Sitatet



Aut viam inveniam aut faciam.