Meistermøte på Gvarv: "Vesaas i verda"

Den 28. november var det på nytt ein stor litteraturkveld i Kjernehuset på Gvarv. Kulturkafeen Leonardos Øre hadde Tarjei Vesaas i fokus denne kvelden.

Det var eit meistermøte - novellemeistaren Hans Herbjørnsrud snakka om ”Vesaas i verda”. Herbjørnsrud sa at Vesaas var på puls med Europa frå sine første år som forfattar. Ifølgje Herbjørnsrud formidla Vesaas tankane sine til lesarene med ”ei ekspresjonistisk kraft utan like”. Dessutan kom Herbjørnsrud inn på liner i europeisk litteratur og tenking som ikkje mange peiker på i samband med forfattaren frå Midtbø i Vinje.

Konkrete døme frå Vesaas-litteraturen belyste dette. Romanen Signalet vart jamført med Slottet av Kafka og "Mens vi venter på Godot" av Beckett. Sentrale tema og teoretikarar innan fransk eksistensialisme vart òg nemd i foredraget. Mellom anna lanserte Herbjørnsrud si eiga tolking av Sartre sin poetikk.

Dei om lag 30 gjestene i Kjernehuset denne onsdagskvelden i november fikk mykje å tenkje på i samband med Tarjei Vesaas sin forfatterskap og engasjerte haldning til verda omkring seg.

Dansk poesi: Mette Moestrup -endelig med eget rom

Etter lyrikksamlingen Kingsize blei det andre boller for Mette Moestrup, som forøvrig hadde en fabelaktig opplesning under Undsetdagene på Lillehammer i 2006.

Sitatet



Aut viam inveniam aut faciam.