BOKKAFÈ OM FOTBALL, ELVIS OG KJÆRLEIK


(Foto: Tom Engelbrecht, www.brechtfoto.no)

KartLeonardo med litterært og musikalsk avspark

Er du fotballspelar, fotballsupporter eller høyrer du til dei som på meir kjøleg og fornuftig vis undrar seg på kvifor i alle dager elleve mann som spring etter ein ball kan sette hjarter i brann - ikkje berre hos unge kvinns, men velvakse karar i alle aldrar og tilstandar?

Ta ein tur på bokkafèen på Kjernehuset 10. juli kl 21. Då får Leonardos Øre besøk av ein meir eller mindre naturalisert drammensar som riktignok trødde sin barnesandalar i Husnes i Kvinnherad. Mannen har vore blodfan av Brann i 31 år og han imiterer Elvis Presley som ingen annan. Mannen heter Stig Elvis Furset, men har også blitt kalla "bibliotekaren frå helvete" etter at han kjøpte inn teikneseriar som ikkje blei rekna som høgverdige, til biblioteket han jobba ved.
Som forfattar er han inspirert av Jim Goad, Nick Hornby og profetane i gamaltestamentet. Og til Gvarv kjem han med romanen Den raude veggen (2008), som er den andre boka i ein trilogi der lesaren følger Jeremias, ein lidenskapeleg Brannsupportar, gjennom Brann sin 2007-sesong - klubben sin første gullsesong sidan 1963. Men dette er ei bok som handlar om meir enn fotball. Ein kan kanskje heller seie at fotballen og supporterane speglar livet og den betingelseslause kjærleiken(som i romanen blir andelege rettleia av fotballguden Maradona og kjærleiksguden Elvis).

Leonardos Øre kan love ein kveld for både insidere og outsidere med kortare og lengre hang til dypdykk i fotballens og litteraturens verd.

Stig Elvis Furset skal også vere programleiar under poesislammen som begynner kl. 19 (sjå under).

Sitatet



Aut viam inveniam aut faciam.