Filosofikafè om økologi og økofilosofi


Dyp glede er tittelen på ei bok som har kome i desse dagar. Forfattaren er Per Ingvar Haukeland, Arne Næss sin mangeårige ven og samarbeidspartner.

Heidi Christoffersen

Det er ti år sidan den nå 96-årige filosofen Arne Næss og Per Ingvar Haukeland ga ut den populære boka, Livsfilosofi. Boka som ligg føre i år har tittelen Dyp glede - Med Arne Næss i dypøkologien, og inneheld eit utval av Arne Næss sine mange tekster om økosofi og djupøkologi.
Aktuell filosofi
- Arne Næss sin filosofi er meir aktuell enn nokon gong, og med boka ønskjer eg å gi ei enkel og tilgjengeleg innføring i tekstane og tankane hans. Mange i Norge kjenner Arne Næss som ein leiken spilloppmaker, medan han i utlandet først og fremst er kjent som djupøkologien sin far, fortel Haukeland, som blei kjent med Arne Næss etter at han kom heim med hovudfag i økofilosofi frå USA i 1990. Haukeland blei Næss sin assistent og samarbeidspartnar, og på Universitetet delte dei kontor i to år før Haukeland igjen dro til USA for å ta doktorgrad.
Meir enn overflateproblem
- Det er i djupøkologien at det meste av Næss sine filosofiske arbeider kjem saman, fortel Per Ingvar Haukeland. - Djupøkologien i motsetnad til den grunne økologiske retninga, søkjer å gå djupare inn i årsakene til, og verknadene av økokrisa, forklarer han vidare, og eksemplifiserar: Eit av tiltaka mot sur nedbør er kalking av vann, Med vannkalkinga blir vannet nøytralisert, men andre tiltak må til hvis ein vil bli kvitt sur nedbør. Ein må altså gripe fatt i dei djupareliggande årsakene.
Glede heller enn plikt
- At boka har fått tittelen ”Dyp glede” heng saman med at det er gjennomgåande i alt Arne skriv, seier Haukeland, som også minner om at Næss sitt avslutningsforedrag då han gjekk av som professor i 1969 også hadde den enkle tittelen ”Glede”. - Arne Næss ville gjere det han fann glede i, ikkje berre fungere, fortel Haukeland. - I det heile beskriver Arne ei djup glede over naturen, og ei djup glede over å leve i tråd med det han vil, djupast sett. Såleis fokuserer Næss meir på gleda enn på plikta over å gjere ting, og han meiner at gleda er den bærande krafta til endring, i for eksempel miljøspørsmål.
Fridom
- Istadenfor å tenkje at endring vil medføre forsaking og tap, kan endring i tråd med dei djupare verdiar medføre økt fridom og glede, noko som gavnar både ein sjølv og kloden. I så måte er Arne Næss i tråd med sitt ideal og førebilete, filosofen Baruch Spinoza, fortel Haukeland og er einig med Arne Næss i at økt levestandard ikkje nødvendigvis betyr auka livskvalitet, og at ein ikkje kan måle lykka i kva ein har, men korleis ein kjenner seg. - Arne har sagt at han er positiv på vegne av det 22. århundre. Han meiner der vil bli verre før det vert betre. Men han trur me vil innsjå at me må leve meir på lag med naturen, og både ta meir vare på den og kvarandre, avsluttar Per Ingvar Haukeland som opprinnelig kjem frå Kongsberg, men som har busett seg i Bø med kone, barn og bikkjer, og som til dagleg arbeider på Telemarkforsking og Høgskulen.


Torsdag 12. mars kl.19 er det filosofikafè på Kjernehuset.
Inngang kr. 50

Velkommen!

Ingen kommentarer:

Sitatet



Aut viam inveniam aut faciam.