Telemarksmeister i poesislam


"Heile sumaren har eg gått og samla lauv"
las Kristine Søgnen under skaldekampen på Gvarv i august 2011. Ho vann hjartene til dei poesiglade telemarkingane på det vesle torget midt i Gvarv sentrum. Heilt til topps gjekk ho med den vakre og vare poesien.

No har både haust og vinter gått. Kristine har vore i Oslo på noregsmeisterskap i poesislam. Det var ei tevling der den unge Sarah Ramin Osmundsen vann den gjeve prisen og tittelen. Kristine seier det var ei god oppleving å vere med, og at ho har fått gode tilbakemeldingar. "Eg har òg fått meir mot på halde fram med å skriva og kome ut med lyrikken min," seier ho. Til Leonardos øre seier ho at ho absolutt vil oppmode unge og gamle telemarkingar til å melde seg på Poesislam 2012.

Meld deg på i 2012: skriv ein e-post til: leonardomannen@gmail.com
eller send sms til: 97 15 03 59

Sjå reglane her: http://poesislam.no/

Ingen kommentarer:

Sitatet



Aut viam inveniam aut faciam.