Poesislam på Gvarv 18. august 2011

I Telemark kallar vi ofte poesislam for skaldekamp, og det sier noko om kva det er: ei uhøgtidleg tevling mellom folk som les eigne tekstar. Publikum gir poeng etter innhald og framføringsmåte.

Så om du har skrive tekst i ulike sjangrar, ta med deg tre av dei til Gvarv og bli med på skaldekampen!

Vi lovar skjemt og moro for dei som les, og dessutan ettertanke for alle som bare kjem for å høyre.

Meld deg på! I fjor var det ein heilt ukjend skribent som vann: Irma Ringbjerg. Kanskje det blir deg i år?

Møt opp på torget ved Kjernehuset, Gvarv sentrum,
18. august kl 18.00


Fleire reglar for poesislam: www.poesislam.no

Påmelding og info: leonardomannen@gmail.com (eller sms til 97 15 03 59)

Ingen kommentarer:

Sitatet



Aut viam inveniam aut faciam.