Litterært meistermøte på Kjernehuset


Hans Herbjørnsrud, novellemeister fra Heddal, avslutta den litterære haustsesongen i Leonardos Øre.

Heidi Christoffersen

Det er ikkje fyrste gong Herbjørnsrud vitjar Kjernehuset, og han må difor nestan reknast som ein husven. Det var imidlertid ikkje eiga dikting som sto i fokus denne gangen, men diktinga til ein av Noregs største modernistar; Tarjei Vesaas. –Eg kjente ikkje Vesaas personleg, men eg har vore på mange opplesningar med han, bekjente Herbjørnsrud. Likevel våga eg meg aldri bort til han for å helse på, til det trudde eg meg ikkje god nok.
Mann for sin tid
”Vesaas i verda” hadde han kalla fordraget sitt, og med det viste han ein politisk engasjert Vesaas som (fore)greip grunnstemningar som låg i tida og som andre forfattarar også tematiserte. På denne måten er det noko Kafkask over Vesaas utan at Vesaas hadde lest Kafta sin litteratur, og han blir òg meir Beckettsk enn Beckett sjølv, forklarte Herbjørnsrud. Vidare teikna han opp liner som viste samanheng mellom Vesaas sin humanistiske haldning og den franske filosofen Jean Paul Sartres sin eksistensialistiske teori, sjølv om dei, som Herbjørnsrud understreka, ser ut til å vere radikalt ueinige i synet på kva form for dikting og diktarar som skulle engasjere seg og ta stilling politisk. I motsetnad til Vesaas skiller Sartre mellom poetar og prosaistar i så måte - ei haldning han etter Herbjørnsrud sin meining, adopterte av den franske diktaren Stèphane Mallarme.
Vesaas som feminist
I tillegg til diktinga kom Herbjørnsrud inn på Vesaas og forholdet til kona Halldis. -Tarjei Vesaas var feminst, hevda Herbjørnsrud. -Vesaas har sågar sjølv hevda at han var født feminist, fortsatte han, som ellers meinte at forutsetninga for å bli feminist er å ha eit godt forhold til mor si. Dette meinte Herbjørsnrud at diktinga til Vesaas viser at han hadde. Hna var også opptatt av at Halldis skulle dikte, så då vervet i skulestyret tok tid fra diktinga blei han så opprørt at han banna - noko han ikkje gjorde før eller seinare. I det heile fekk dei trettitals frammøtte på Kjernehuset teikna eit bilete av eit engasjert, godt og varmt menneske ”med dei tynnaste skosålane i sin forfattargenerasjon”.

Ingen kommentarer:

Sitatet



Aut viam inveniam aut faciam.