Ny roman: Borte en vinter


Heidi Marie Kriznik er klar med den vanskelege andreboka, etter kritikarrosa «Applaus» som ho fekk Vesaas' debutantpris for i 2002.

- Eg har ein god dose prestasjonsangst for denne boka, ler Kriznik. - Den første boka blei svært godt motteke, men eg var ikkje førebudd på offentlegheita.

Ho fortel til ABC Nyheter (www.abcnyheter.no) at ho etter debutboka parallellskreiv på tre romanar samstundes, før ho for to år sidan bestemte seg for å fullføre «Borte en vinter» som er utgjevingsklar i oktober:

- Boka handlar om enkemannen Zenz, immigrant frå Austerrike. Det er etter mitt syn for mange som skriv om unge folk. Eg ville gå inn i hovudet på ein enkemann, ein som har vore gift i 34 år og brått står aleine, utan anna nettverk enn naboen.

- Zenz er ein god fyr, om enn noko sosialt handikappa. Når eg har lese utdrag frå teksten, har folk humra og oppfatta teksten som humoristisk. Det er i så fall utilsikta, og eg ser det ikkje sjølv, fortel Kriznik.

Ingen kommentarer:

Sitatet



Aut viam inveniam aut faciam.