Melsom-prisen tildelt lyrikeren Arvid Torgeir Lie

Leonardos øre gratulerer Arvid Torgeir Lie med tildelinga av årets Melsompris for diktsamlinga Innfor den myndig og umyndige beretninga. (2007) Juryen sier i sin grunngiving for tildeling av prisen til Lie:

"I 40 år har årets Melsomprisvinnar halde på med sitt, utan å la seg forstyrre av det som til ei kvar tid har hausta størst applaus på ”trinnhetens scene”, som det heiter ein stad. Innfor den myndige og den umyndige beretninga er eit høgdepunkt i eit forfattarskap som utmerker seg med like høg litterær kvalitet som låg medieprofil. Samlinga er uvanleg stramt og konsekvent oppbygd – slik heile dette poetiske livsverket er det. Dei grunnleggande motsetnadene blir haldne fast i dikotomiar som blir gjentatt og variert i stadig nye samansetningar og omgivnader: standhaftig og ikkje standhaftig, berettande og ikkje berettande, det frodig-asketiske og det trinne, (sol)lyset og (scene)glansen, det myndige og det umyndige, det frie og det ufrie. Med røter i telemarksk talemål har vår poet sakte, men sikkert smidd eit heilt eigenarta kunstspråk – ikkje eit kunstig språk! – for nettopp det han vil uttrykke, eit språk som både er tungt og lett, hardt og mjukt; som rykker det konkrete og det abstrakte ut av sine vanemessige hierarki og gjer det nærverande og synleg på ein ny måte. Det er eit språk han er aleine om i norsk lyrikk; det liknar ingen andre. " - Les mer her: http://www.samlaget.no/artikkel.cfm?id=1025

Ingen kommentarer:

Sitatet



Aut viam inveniam aut faciam.